Prosjektbeskrivelse, budsjett og framdriftsplan.
Gode idear veks ikkje på trær. Det gjer heller ikkje gode finansieringskjelder. Men i vår trur me på Norsk Visearkiv at me har funne fram til båe to av desse. Med optimistisk penn og ukueleg pågangsmot har me sidan mars sendt i vegen søknader til fire forskjellige finansieringskjelder for å søke midlar til å intensivisere arbeidet med balladeprosjektet vårt. Det er nemleg slik at alle dei nordiske landa bortsett frå Noreg har store kjeldeutgåver av sine mellomalderballadar. Arbeidet med å samle og publisere desse balladane byrja så langt tilbake som på 1800-talet, men før Norsk visearkiv i 1992 byrja å lage ei samla oversikt over kva som var samla, var det ingen som hadde oversikten over dette. Me veit no at det finnest ca. 5000 tekstar og godt over 1000 melodiar på noter som er innsamla og registrerte. Norsk visearkiv vil skrive inn og kommentere desse balladane. For dei aller fleste balladane er bare noen få variantar blitt publiserte, dette gjeld også de ”store” balladane som for eksempel Draumkvedet. Me er komne lengst med arbeidet med melodiane, og i juni får me svar på om me får midlar til eit delprosjekt som består i å kommentere og gjere tilgjengeleg alle dei hittil kjende mellomalderballadane. Me kjem tilbake med meir informasjon etter kvart som me får svar, men inntil då kan de gjerne vere med og krysse fingrane for oss!
Og til Kulturdepartementet, kulturrådet, Anders Jahres Humanitære stiftelse og Fritt ord seier me berre: Glem aldri meg!
Liv
tirsdag 11. mai 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar