Visearkivets tidlegare styreformann Gunnar Winsnes fyller 80 år i dag. Vi gratulerer!
Gunnar har i ein mannsalder vore ein sentral person i det norske visemiljøet og ein fin formidlar av humoristiske viser.
Han blei valt inn i Visens Venner alt på eit julemøte i 1960 og vart snart kasserar og seinare formann for vennegruppa. I tillegg til styrevervet i visearkivet var han også sentral i styret for Norsk vise- og lyrikkforum.
Det ryktes at han skal gje ut ei bok. Vi håper at boka fortel noko om hans liv i viserørsla.
Velle
tirsdag 18. mai 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar