mandag 15. mars 2010

Seier’n er vår


Utanlandsk sportspublikum trur gjerne at "Seier’n er vår" er den norske nasjonalsongen, når dei høyrer jubelkoret etter ei ny norsk bragd på sportsarenaen. Men melodien er ikkje eingong norsk, den skriv seg frå ein amerikansk musikal Way down South eller berre Down South. Det er eit stykke som heiter "Cake walk" som har lånt melodi til "Seier’n er vår". Musikalen var skrive av W.H.Myddleton i 1897, men den vart filmatisert fleire gongar så det er ikkje godt å vite akkurat når den kom til Norge. I sigersrusen våren 1945 vart den i alle fall brukt med teksten: "Seier’n er vår. Seier’n er vår!"

Warmuth Musikforlag i Kristiania gav ut Der nede i Syden: Amerikansk Tonebillede, ein gong før krigen, og der vart vår melodi kalla "Kage-dands".
Velle

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar