tirsdag 2. mars 2010

Sang og språk


Her på visearkivet er vi interesserte i bruken av språk, målformer og dialekter i sanger. Vi har inntrykk av at flere utøvere nå er positive til å synge på norsk, noe som bekreftes av Ottar Grepstad i boka Språkfakta 2010. Her er det mye interessant lesning om publikums og utøveres syn på norske tekster, og jeg siterer (s. 117-118):

"Musikk er ei av dei mest kommersielle kunstformene, og det kunstfeltet som har det sterkaste presset frå engelsk, men er også prega av at nynorsk og dialekt er meir brukt her enn i radio og tv, og meir enn i bøker.
Fleire artistar enn før er posititve til å syngje på norsk. Publikum møter dei med klare meiningar om at norske tekstar passar betre i nokre sjangrar enn i andre. Fire av ti artistar meiner det er lettare og uttrykkje seg på norsk enn på engelsk, men seks av ti meiner også at engelsk kling betre enn norsk."

"Publikum hadde klare meiningar om kva språk som kler ulike musikksjangrar best. Heile 95 % meinte det passa ganske godt eller svært godt med norske tekstar i viser. Svært mange meinte det same om tradisjonsmusikk, danseband og pop/-rock. Derimot meinte publikum at norsk språk passa berre middels til roots/country, hiphop/rap, samtidsmusikk og klassisk kunstmusikk. Til både jazz, metal, blues og elektronika meinte publikum norske tekstar passa dårleg."

"41% av artistane tykte det var lettare å uttrykkje seg på norsk enn på engelsk. […]
Artistane blei også spurde om gode grunnar til å syngje på engelsk. Då meinte eit fleirtal av musikarane at engelsk kling betre enn norsk (59 %), at det var lettare å skrive gode tekstar på engelsk (55 %). Det argumentet for engelske tekstar som flest artistar var samde i, var at dei brukte engelsk fordi dei ville gjere det bra internasjonalt (74 %).
Dette salsargumentet har lenge vore framheva. I røynda er det heller få musikerar som har lykkast i utlandet og som har vore avhengige av at dei song på engelsk."

Kilde: www.aasentunet.no (Ottar Grepstad: Språkfakta 2010, e-bok og tabeller)
Astrid

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar