onsdag 2. mai 2012

Dronning Eufemia

Kalkmalerier fra Ørslev kirke (ca. 1350).

Den 1. mai kunne vi markere dødsdagen for ei norsk mellomalderdronning: Eufemia av Rügen, som vart gift i 1299 med hertug Håkon Magnusson, son til Magnus Lagabøte. Håkon vart konge same året, da broren Eirik døydde. Håkon Magnusson hadde vore hertug på Austlandet med Oslo som residensby, og heldt fram med å bu i byen, som nå vart hovudstad. Eufemia vart fødd kring 1270; år og dag er ikkje kjende. Men ho døydde altså 1. mai 1312 i Oslo, for nøyaktig 700 år sidan.

Kva har nå dronning Eufemia med viser og balladar å gjere? Ein heil del, faktisk – Eufemia var ei litteraturinteressert og kultivert kvinne, og noko av det første ho tok seg til da ho kom til Oslo, var å syte for at tre hovudverk i den europeiske litteraturen vart omsette til moderne 1300-talsnordisk: svensk. Derfor blir dei tre verka kalla Eufemiavisene, etter henne. Nå er ikkje Eufemiavisene viser, jamvel om teksten er skriven på knittelvers med gjennomført parrim. Det dreiar seg om versromanar: Herr Ivan Lejonriddaren (1303), Hertig Fredrik av Normandie (1308) og Flores och Blanzeflor (1312).

Sidan Sverres dagar hadde dei norske kongane vore interesserte i historie og litteratur. Håkon Håkonsson tok såleis initiativet til at mange populære europeiske tekstar vart omsette til norrøn prosa, deriblant kjærleiksforteljinga om Tristan og Isolde. Men det Eufemia nå gjorde var likevel nytt i den meining at dei verka ho valde ut, ikkje skulle omsetjast til prosa, men til vers. Når det vart svenske vers og ikkje norske - ho var trass alt norsk dronning - er samanhengen truleg at ho ville gjere stas på svigersonen sin, den svenske hertugen Erik Magnusson, som i 1302 var blitt trulova med den norske kongsdottera Ingebjørg. Derfor måtte omsetjaren vere svensk. Vi veit ikkje kven han var, men det er allmenn semje om at den fremste kandidaten er den lærde stormannen Peter Algotsson som heldt til i Norge og Oslo i denne tida.

Peter Algotsson kunne nok både latin, tysk og fransk. Det var nødvendig om han skulle meistre omsetjingsoppgåva på ein god måte. Dessutan kunne han sikkert norrønt. Han har utan tvil gjort seg nytte av det norske hoffbiblioteket, som vi må rekne med inneheldt fleire av grunntekstane. Vi ser han for oss der han sit ved ein skrivepult i biblioteket i kongsgarden, like ved Mariakyrkja. På pulten ligg handskriftene, men utanfor er det vår og sommar. Folk dansar og syng: lange viser om Roland og Magnus kongen, om Falkvor Lommannsson som røva kjærasten sin ut av kloster da ho skulle tvingast til å gifte seg med ein annan. Her syng Oslo-folk om Folke Algotsson, min eigen bror! tenkjer kanskje Peter – for det gjer dei! Han grip seg i å lytte, og bit seg merke i ord og uttrykk. Dette må han da kunne bruke i sine eigne omsetjingar!

Slik gjekk det etter alt å døme til da balladeuttrykk: formlar, rim, metaforar og handlingsmotiv vart overførte frå munnleg tradisjon til dei tre Eufemiavisene. Eit lite eksempel frå Herr Ivan Lejonriddaren: nokon kjem ok klappadhe a dør medh finger sin/badh Herra Iwan lata sik in. Vi kjenner uttrykket frå mange 1800-talsoppskrifter, som her i "Riddar Valivan": Han klappa på døri med fingrane små,/statt op stolt Margjit, skrei lokunn ifrå.

Vi veit altså at da Eufemiavisene vart til, kring 1300, var balladen levande dikting. For første gong finn vi den i skrift; ikkje som fullstendige tekstar, men glimtvis. Hadde ikkje dronning Eufemia kome på tanken om å omsetje dei tre versromanane, ville vi ikkje visst det vi i dag veit om den tidlege fasen i balladens historie!

Olav

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar