onsdag 9. juni 2010

Er ”Skjøn jomfru hun stander” ein ballade?


For nokre dagar sidan fekk eg spørsmål om den gamle visa ”Skjønn jomfru hun stander” eller ”De tre grever” er ein ballade.

Svaret på det er ”ja”, for i europeisk samanheng er ho ein ballade, men likevel høyrer ho ikkje til dei nordiske balladane, og ho er ikkje med i den nordiske balladekatalogen, The Types of the Scandinavian Medieval Ballad også kalla TSB-katalogen. Grunnen til det er reint formelle. Dei nordiske balladane har ei rekkje felles kjenneteikn: strofeformer, stil, eit felles formelrepertoar, refreng etc. Den nordiske balladen har røtene sine i mellomalderen og vi kallar dei mellomalderballadar, men det betyr ikkje at alle er dikta i mellomalderen, eller at dei er bevart uendra frå mellomalderen. Så lenge folk traderte balladar, laga dei også nye viser i balladeform og tilpassa dei gamle tekstane og melodiane.

”Skjønn jomfru hun stander” er ei svært gammal vise. Den eldste versjonen vi har er ei nederlandsk oppskrift frå om lag 1550. Til oss kom visa i danske skillingstrykk, kanskje ikkje før på 1800-talet. Mangelen på variantar viser at visa ikkje har levd så lenge her i landet, og difor reknar vi ho ikkje til våre balladar. Men ”Skjønn jomfru hun stander” eller ”Graf und Nonne” er ein tysk ballade og i den tyske balladeutgåva har ho typenummeret DV 155.
Les mer om visa på Norsk visearkivs nettside.
Velle

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar