I same boka kan ein også lese at då brennevinet kom til Sverige på 1400-talet vart det brukt til kruttlaging etter følgande prosedyre: ”Det destillerade brännevinet blandades med kol, salpeter och svavel till en krutmassa som efter torkning krossades til krutkorn”. Men kloke hoder fant fort ut at dette produktet også kunne nyttast i andre samanhengar. Det førde til at Sten Sture innførde forbud mot brenning og salg til andre føremål en kruttfabrikasjon. Me veit jo alle korleis det har gått, og i Stora Snapsvise-boken kan ein altså finne viser for ein kvar snaps-anledning. Mest spent vart eg då eg kom til kapittelet ”Nyktert”. Det viste seg at dette kapittelet innehelt berre seks viser. Ei om vatten, ei om mjølk (!) og berre fire av dei med moralsk innhald.
Men sidan det tross alt er fredag så vel eg å gjengi ei vise av det mindre nyktre slaget. Visa har eg valgt ikkje så mykje på grunn av teksten som er forholdsvis enkel, men eg fant ei med ein sprek melodi til, nemlig ”Funicoli funicola” (som forresten tyder taubane…)
Visa er for øvrig innsend av Gunnar Sandstrøm.
Skål, alla som i dag har samlats
Vid dette bord, varenda gäst.
Ja skål, alla som har samlats
Från syd til nord, från öst til väst!
Snapsen er vår bästa drykk på jorden,
Man blir så glad, man blir så god.
Snapsen den ger rymd och flykt åt orden,
Den ger kraft, den ger mod!
Alla, höj nu era glas.
Alla, alla vet hur den ska tas.
Ja botten opp.
Ja botten opp.
Ja botten opp.
Ja botten opp.
Ja, alla ska vi tömma, ja tömma våra glas!
Skål!
Ha ein fortreffeleg fredag!
Liv
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar