Meir om ”Skjønn jomfru hun stander… ”
Den gamle tyske balladen ”Graf und Nonne” kom, som sagt, til Norden på 1800-talet. Den vart raskt populær og vart sunge både høgt og lågt. Svenske sjømenn begynte til og med å bruke den som pumpesjanti. Den svenske sjantisamlaren kaptein Sternwall publiserte den i sin sjantibok Sång under segel i 1935, og da den store engelske sjantikjennaren Stan Hugill skulle gje ut sitt store standardverk om sjantiar, Shanties from the Seven Seas i 1961, tok han naturlegvis ”Skjønn jomfru” med – pluss ei omsetning frå svensk til engelsk. Hugills bok var stor og grundig, og forlaget meinte at det ville vera ein god ide å gje ut eit mindre utval. Det vart boka Songs of the Sea som kom ut i 1977, og ”Skjønn jomfru” var framleis med. Året etter vart Songs of the Sea omsett til tysk og fekk tittelen Windjammerlieder.
Dermed var ”Skjønn jomfru” komme heim igjen, men etter runden av omsetjingar frå tysk til svensk så til engelsk og så til tysk, var det ingen i heimlandet som kjende henne att.
Velle
torsdag 10. juni 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar