torsdag 15. april 2010

Vår Gud han har en gammel Ford

Det har alltid vore populært å parodiere songar. Høgtidelege og alvorlege songar som nasjonalsongen og salmane har særleg vore utsett for slik humor. Da eg gjekk for presten, måtte vi pugge salmevers, og det florerte av parodiar. Den eg hugsar best er denne parodien på Luthers "Vår Gud han er så fast en borg":

Vår Gud han har en gammel Ford,
som er så vond å starte
Den volder ham så meget sorg,
når han skal ut og farte.


Dessverre hugsar eg ikkje slutten av verset. Er det nokon som hugsar meir eller andre salmeparodiar vil vi svært gjerne ha dei til arkivet vårt.

Små barn er spesielt flinke til å leike med songtekster. For 10 år sidan etterlyste vi variantar av "Bæ, bæ, lille lam". Vi fekk inn fleire hundre variasjonar. "Bæ bæ lille lam, ramla i en dam" og "Bæ bæ lille lam, gikk på restaurant" var kjent av mange, mens andre variasjonar bar preg av at dei hadde vorte improviserte på ståande fot.

Parodiering er også ein del av songtradisjonen, som vi gjerne vil ha dokumentert på visearkivet.
Velle

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar