tirsdag 4. juni 2013

Ballade-epitet


Illustrasjon til balladen "Liti Kjersti og elvekongjen" av Johanna Bugge Berge i Rikard Berges bok Norske Folkevisur fra 1911.


Alle med ein viss kjennskap til mellomalderballadar har nok lagt merke til den spesielle namnebruken i desse visene, ikkje minst epiteta, dei karakteriserande tilleggsorda, som opptrer i samband med fleire personnamn. Her er nokre døme:
Liti Kjersti, Stolt Margjit, Signe liti, Inga litimor, Stolt Øli, Jomfrua Ingebjørg, Myllardottera – og vidare Stig liten, Herr Byrting, Unge Engelbret, Liten Lavrans, Raskan Bendik, Svarte Svein. Av og til er det tydeleg at epitetet opphavleg har vore eit anna, som når balladehelten Alv Erlingsson blir kalla «Mindre-Alv», noko som kan få ein til å tru at Alv var spesielt stuttvaksen. Men samanhengen er nok at det opphavlege epitetet har vore milde, eit tilleggsord som også blir brukt om den nesten samtidige svenske hertugen Erik Magnusson, han som gifte seg med Ingebjørg Håkonsdotter i Oslo (1312): «Hertogh Erik then milde / han fik the han haffwa wilde» heiter det i Erikskrönikan. Spesielt milde i moderne tyding av ordet var verken hertug Erik eller baronen og sjørøvaren Alv Erlingsson, tvert imot, og derfor gjekk det gale med dei til slutt: den eine vart ihelsvelt i brorens fangekjellar, og den andre avretta av danskane og lagd på stegl og hjul ved København.

Ballade-epiteta betyr ikkje alltid det vi skulle tru ved første augnekast. Det er såleis ingen grunn til å rekne med at alle Kjersti’ene vi møter i balladediktinga skulle vera spesielt små på vokster. Karakteristikken liten/lita går nok helst på status, jf. formelen med fingrane små som på liknande vis gir signal om at personen det gjeld held høg klasse. Dessutan kan liten/lita oppfattast  som ung/urøynd og som tilbakehalden/varsam. Adjektivet stolt som alltid blir plassert før personnamnet, truleg av rytmiske årsaker, tyder stolt, byrg, kaut. Det er eit tysk låneord som kom tidleg inn i norsk, og som vi finn i den eldste norske og nordiske balladen vi har nedskriven, «Riddaren i hjorteham» (ca. 1500). Her har diktaren spandert to epitet på hovudaktøren, og kallar henne «stolz Ose-lille», dvs. «stolt Åse-lille».

Med nemningar som Myllardottera og svarte Svein forlet vi høgstatusområdet. Myllaren vart i det gamle samfunnet oppfatta som ein temmeleg tvilsam figur. Bøndene mistenkte han for å lure unna mjøl av kornet han mol for dei, og dotter hans skulle vera lettare på tråden enn dei fleste jenter. I alle fall står det så i visene. Noko eigentleg namn har myllardottera heller ikkje fått, men må nøye seg med å bli karakterisert ut frå sosial bakgrunn og farens yrke. Når det gjeld eit namn som svarte Svein, er det fargen og epitetet svart det er noko gale med. Ikkje så reint få balladeaktørar svartnar som jord når dei får ei syrgjeleg melding, og svart assosierer elles til fattigdom, skitt og ureinskap.

Olav



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar