torsdag 23. mai 2013

Ung Åslaug

Kristoffer Janson
Det er Kristofer Janson (1841–1917), forfattar, teolog, folkehøgskulelærar, og prest i Amerika i fleire år, som har skrive denne nynorske songklassikaren. I si tid var Janson ein av Noregs mest kjende og lovande forfattarar og oppnådde tidleg å få diktargasje, samstundes med Ibsen, Bjørnson og Jonas Lie. Men i dag er dei mange romanane og forteljingane han skreiv gløymde. To av songane hans lever likevel: «Hu hei, kor er det vel friskt og lett» og altså «Ung Åslaug» (1867):

Ung Åslaug gjekk i bjørkeskog,
so tirøygd, frisk og raud;
ho tykte mest at alle gret
der som ho gleda baud.

«Kva er det vel dei syta for
i verdi vid og stor,
når soli skin, og hjarta brenn,
og kjærleiken fær ord?»

Då kom eit bod at hennar mor
låg sjuk og måtte døy,
då kom eit bod at hennar ven
ha’ fest ei onnor møy.

Ung Åslaug vart so underleg,
ho tagde reint den kveld;
for noko bort frå hjarta fraus,
endå det brann som eld.

Ung Åslaug gjekk i bjørkeskog,
so tårøygd og so raud;
ho tykte mest at alle lo,
der som ho sorgi baud.

«Kva er det vel dei fegnast ved
i verdi vid og stor,
når soli brenn, men hjarta frys,
og kjærleik berr’ er ord?»

«Ung Åslaug» er ein enkel, men allmenngyldig og gripande, konsentrert tekst som stiller glede og sorg opp mot kvarandre, jf. tirøygd [med blinkande, glitrande auge] – og tårøygd. Våren er komen, bjørkeskogen står med kvite stammer og grøne blad, og som ei bjørk er ungjenta også, med sine raude kinn. Nokre assosierer kanskje til Vesaas’ «bjørkedikt»: Det var ei lita bjørk/som hadde fått lov på nytt lauv/midt i mai?

«Ung Åslaug» er trykt i mange songbøker og nyleg i Terje Aarsets Den nynorske songskatten (2009), med ei rekke interessante opplysningar om tekst og melodi. Den mest brukte melodien, nærmast einerådande i dag, er skriven av trønderen Kristoffer Fuglem (1843–1883). Sissel Kyrkjebø og Rita Eriksen er blant dei som har sunge «Ung Åslaug» inn på plate.

Olav

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar