torsdag 6. juni 2013

Snop for arkivet!


I dag vart det skikkelig julestemning på arkivet då ein av våre kollegaer frå Nasjonalbiblioteket stakk innom oss med ei heil eske med songbøker frå musikkavdelinga. To ivrige arkivarar kasta seg over skatten som bestod av bortimot 150 bøker og hefter. Her fann me blant anna Norske folkeviser fra middelalderen, Maxis! Studentrevyen frå 1909, Syng mig hjem - Norske sjømenns sangbok og Bondens sangbok. I tillegg var her skulesongbøker, salmebøker og leilighetsviser laga for ulike samanhengar. Økonomiarkivaren lot seg facinere av ei bok frå 1880 Fut No.4 - Eldre og nyere Gade- og Skjemteviser til den nette sum av 75 øre. Rett under femtilappen i dagens verdi. Edisjonsfilologarkivar Ellen vart nesten rørt til tårer då det dukka opp ei lita blå bok frå 1939 med songar frå Filologisk forening.

Følg med - her vert det mykje spanande blogging frametter!

Liv

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar