onsdag 3. juli 2013

To sommarklassikarar

Halfdan Egedius: Lørdagskveld

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
ho er for ljos til det.
Då skal vi vandra i saman ute,
under dei lauvtunge tre.

Då skal vi vandra isaman ute,
der blomar i graset står.
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
som kruser med dogg vårt hår [...].

Kven kjenner vel ikkje denne vakre sommarsongen av Lindås-lyrikaren Aslaug Låstad Lygre (1910–1966)? Det er liksom songen inneheld essensen av den korte norske sommaren: lyse netter, lauvtunge tre, høysåter og grashoppespel i eng i høgsommarkveldar. Så har da også Geirr Tveitt komponert ein moll-melodi som kler denne teksten som hanske til hand. For jamvel om det slett ikkje er nokon trist tekst, uttrykker den likevel eit vemod over sommaren som er så altfor kort, slik livet også er. Det nyttar ikkje å stanse tida. Det einaste vi kan gjera er å gripe dagen – eller natta ­ – og få så mykje ut av tida som råd. Dette er da også Ivar Aasens oppfordring i diktet «Sumarkvelden» (1863), som nok er ein av dei tekstane som ligg til grunn for Aslaug Låstad Lygres sommarsong:

Velkomen atter hit til vaara Grender,
velkomen her, du sæle Sumarkveld,
med Lauv og Gras ut yver alla Strender
og gule Blomar i den grøne Feld,
med lette Smaasky, lagd i langa Render
som Traadar i det høge Himmel-Tjeld,
og med den milde Ljosken, som seg breider
ut yver Fjell og Fjord paa alla Leider [...].

Kom, lat oss nøyta Tidi, som ho skrider,
og minnast, at ho skrider ofsa fort.
Med kvar ein Dag, med kvar ein Kveld, som lider,
eit Stig mot myrke Vetteren er gjort.
Det kjem ein Dag, daa kvar ein Blom som bider,
er fallen av; og slikt eit Fall er stort.
Di skal eg sjaa paa Blomen, fyrr han blaknar,
og nøyta Sumar’n fyrr eg honom saknar.

 Olav

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar