For eit par veker sidan publiserte Elin ein artikkel om Sørlandsbanen som feirar 75 år i år. I denne
bloggen skal me bevege oss nordover og delvis over til Sverige.
Inlandsbanan i dag, over 100 år gamal. |
Meir om rallarviser finn du her: http://visearkivaren.blogspot.no/search/label/Rallarviser.
Eit av kaffistoppa på turnèen var på Rallarmusèet i Moskosel, og der kom eg over ein CD med rallarviser som me ikkje hadde i arkivet frå før. «Rallare – Visor från Malmbanan/Ofotbanan» er eit samarbeid mellom Norge og Sverige representert ved Björn Arahb, Ragnar Olsen og Pierre Ström. På samlinga finn ein 20 songar om både hardt arbeidsliv, glede, sorg og kjærleik. I tekstheftet finn ein rikelig med bilete frå jernbanebygging kring 1900, alt frå arbeidslag og havarerte lokomotiv til kongeleg festivas då unionskongen Oscar II opna Malmbanan/Ofotbanan i 1903.
Eit fint døme på at viser kan være god historisk dokumentasjon.
Liv
Staute karar i hardt arbeid. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar