tirsdag 22. november 2011

Gjenåpning av den gamle balladedatabasen

Me ved Norsk visearkiv er positivt overraska over engasjementet stenginga av den gamle balladedatabasen har vakt. Me har vore klar over at innhaldet i basen har vore nytta, men kanskje har me ikkje vore klar over kor viktig den har vore for så mange.
Etter at me i oktober ba Universitetet i Oslo om å stengje databasen, har me vorte spurt om bakgrunnen for dette.

I oktober 1992 starta eit uformalisert samarbeid mellom Dokumentasjonsprosjektet ved UiO og visearkivet, som lenge hadde forsøkt å få til ei publisering av norske mellomalderballadar. Prosjektet gjekk ut på at delar av balladematerialet ved Norsk folkeminnesamling skulle digitaliserast. Arbeidet vart utført av ufaglært arbeidskraft som var tilknytt UiO på arbeidsmarknadstiltak. I 1998 vart dette materialet publisert på nett i samband med at Dokumentasjonsprosjektet vart avslutta.

Ganske raskt kom det kritikk frå forskarar og det edisjonsfilologiske miljøet ved UiO om at den faglege kvaliteten på innskrivinga langt frå var god nok. I tillegg til store manglar i databasen, kan variantar av same visa ligge under feil type. Tekstane har mykje skrivefeil og basen har også fått kritikk for at innskrivinga ikkje er gjort etter originalmanusa men etter redigerte oppskrifter. Me meinte likevel at basen skulle bli liggande ute, blant anna fordi blant anna kvedarane har gitt uttrykk for at dei kunne bruke den.

Arkivet har ikkje hatt tilgang til å rette opp noko av feila i basen, korkje mens prosjektet pågjekk eller etterpå. Men arkivet heldt fram med å arbeide for at Noreg skulle får ei vitskapeleg utgåve av norske mellomalderballadar på linje med Sveriges medeltida balladar og Danmarks gamle Folkeviser.

Visearkivet har hittil fått lite støtte i dette arbeidet og har brukt store delar av driftsbudsjettet, som også skal dekke anna arbeid ved arkivet. Etter fleire rundar med kulturråd og departement vart me svært glade for å få kr. 300.000 til arbeidet med ballademelodiane i 2010 og kr. 1,2 millionar i 2011/2012 til upubliserte mellomalderballadar. Alt før jul kjem fyrste bind av bokverket Norske middelalderballader – Melodier. I løpet av 2012 vert det publisert balladetekstar i kvalitetssikra form.

I den samanhengen bestemde me oss for at me kunne følge oppmodingane om å stenge den gamle databasen. Men etter sterkt påtrykk frå brukarar ber me no Universitetet i Oslo om å åpne basen att.

Til slutt vil me presisere at den vitenskapelege utgåva av balladetekstane Norsk visearkiv no arbeider med, vil bli publisert i samarbeid med bokselskap.no. Me håpar at brukarane også frametter vil støtte oss i arbeidet.

Tilsette ved Norsk visearkiv

1 kommentar:

  1. At balladebasen nå kjem tilbake der den høyrer heime er svært gledeleg.
    Hjartans takk frå Jarnfrid

    SvarSlett