fredag 11. november 2011

Sankt Mortens gåver


I dag er det Mortensmess, helgendagen for den heilage Martin av Tour. Han var ein av mellomalderens mest populære helgenar. Legendene fortel at han gøymde seg i ein gåsesti for å sleppe å bli biskop, men gjæsene avsløra gøymeplassen hans. Deretter er det vorte skikk å eta gås på dagen hans. Men dei protestantane som er ivrigast til å feire dagen hans tek ikkje omsyn til at Martin faktisk også er skytshelgen for fråhaldsrørsla. Ein gong skal keisaren ha bydd han eit glas vin, men Martin avslo.

Denne gamle julesongen handlar om sankt Martin. Det er ein aukesong der kvar strofe får lagt til ei ny verseline slik at strofene vert gradvis lengre.
Visa finst også både i Sverige, Danmark og England, og har mange ganske ulike variantar. her er ein av dei vanlegaste norske versjonane:

1. Første dagen i jula ga Sankte Morten meg ein liten fjørin fugl som vel kunde flyga.

2. Andre dagen i jula ga Sankte Morten meg gjæser to og ein liten fjørin fugl som vel kunde flyga.

3. Tredje dagen i jula ga Sankte Morten meg tre får, gjæser to og ein liten fjørin fugl som vel kunde flyga.

4. Fjorde dagen i jula ga Sankte Morten meg fire feite svin, tre får, gjæser to og ein liten fjørin fugl som vel kunde flyga.

5. Femte dagen i jula ga Sankte Morten meg fem kyr, fire feite svin, tre får, gjæser to og ein liten fjørin fugl som vel kunde flyga.

6. Sjette dagen i jula ga Sankte Morten meg seks oksar, fem kyr, fire feite svin, tre får, gjæser to og ein liten fjørin fugl som vel kunde flyga.

7. Sjuande dagen i jula ga Sankte Morten meg sju bord og fat, seks oksar, fem kyr, fire feite svin, tre får, gjæser to og ein liten fjørin fugl som vel kunde flyga.

8. Åttande dagen i jula ga Sankte Morten meg åtte gangarar grå med gullsalar på, sju bord og fat, seks oksar, fem kyr, fire feite svin, tre får, gjæser to og ein liten fjørin fugl som vel kunde flyga.

9. Niande dagen i jula ga Sankte Morten meg ni skip og drenger, både med reip og strenger, åtte gangarar grå med gullsalar på, sju bord og fat, seks oksar, fem kyr, fire feite svin, tre får, gjæser to og ein liten fjørin fugl som vel kunde flyga.

10. Tiande dagen i jula ga Sankte Morten meg ti tynner bygg, ni skip og drenger, både med reip og strenger, åtte gangarar grå med gullsalar på, sju bord og fat, seks oksar, fem kyr, fire feite svin, tre får, gjæser to og ein liten fjørin fugl som vel kunde flyga.

11. Ellevte dagen i jula ga Sankte Morten meg ellevetønner rug, ti tynner bygg, ni skip og drenger, både med reip og strenger, åtte gangarar grå med gullsalar på, sju bord og fat, seks oksar, fem kyr, fire feite svin, tre får, gjæser to og ein liten fjørin fugl som vel kunde flyga.

12. Tolvte dagen i jula ga Sankte Morten meg tolv tønner malt, elleve tønner rug, ti tynner bygg, ni skip og drenger, både med reip og strenger, åtte gangarar grå med gullsalar på, sju bord og fat, seks oksar, fem kyr, fire feite svin, tre får, gjæser to og ein liten fjørin fugl som vel kunde flyga.

13. Trettande dagen i jula ga Sankte Morten meg ei jomfru med gullkrone på, tolv tønner malt, elleve tønner rug, ti tynner bygg, ni skip og drenger, både med reip og strenger, åtte gangarar grå med gullsalar på, sju bord og fat, seks oksar, fem kyr, fire feite svin, tre får, gjæser to og ein liten fjørin fugl som vel kunde flyga.


Vi har fått spørsmål om dette er ein songleik, men vi har ikkje opplysningar om at det har vorte leika til denne songen. Truleg er det eit bravurnummer der songaren visar at ho klarer å halde greie på alle repetisjonane.

Velle

1 kommentar:

  1. Ensemblet 'Jul i folkton' har laga ein munter og lett forenkla versjon av denne.

    Elles minner visa i mangt om den engelske "The Twelve Days Of Christmas", der innleiinga er: "On the first day of Christmas my true love sent to me..."

    SvarSlett