Ved Liv Kreken Kvalnes, Styreleiar, Norsk visearkiv
Det byrjar å nærme seg enden av bloggstafetten i anledning Kulturrådets årskonferanse : ”Fortiden for tiden –møter mellom museer, arkiv og kunst” som eg har vært så heldig å få vere med på. Eg har med stor interesse lese dei tidlegare innlegga. Sjølv om det er skrive mykje om museum, er fleire av problemstillingane også relevante for arkiv.
Som Hanne S. Ø Butvillo skriv i gårsdagens blogginnlegg er det ikkje berre enkelt å bevege seg i grenselandet mellom arkiv, kunst- og kultur. Norsk Visearkiv er eit kompetansesenter og servisearkiv innanfor den folkloristiske forskingstradisjonen. Vi samlar material for å dokumentere norsk visehistorie og driv forsking i den grad vi kan avsjå tid til det. Arkivet er like interessert i representativitet og gjennomslagskraft som i kunstnarleg verdi, og like interessert i kvardagssongen som i profesjonell song.
Når folkeminnesamlarar har samla ulike versjonar av mellomalderballader sidan 1840 er det like interessant for arkivet å forstå korleis songen og tekstane er brukte i kvardagslivet som å vurdere verkshøgde. Problemstillinga for arkivet er som for andre å vurdere kva som skal presenterast for ettertida.
I sitt innlegg tek Hanne Cecilie Gulstad opp eit temaet om re-meditering og re-mixing av lydar og tekstar i musikken. Dette er svært relevant for Norsk visearkiv i arbeidet med å formidle arkivmaterialet til publikum. I mange år har visearkivet arbeidd med å gi ut ei vitenskapleg utgåve av Norske mellomalderballader. Balladenes oppkomst er knytta til hoffet til kong Håkon V Magnusson i Oslo seint på 1200-talet, og oppstod mest sannsynleg som resultat av eit kulturmøte mellom kontinental, fransk riddardiktning og norske tradisjonar. Visene er truleg oppstått frå 1300 talet og utover men det var ikkje før i 1840 folkeminnesamlarane byrja å interessere seg for desse visene. Dei byrja då å skrive ned balladane frå muntleg tradisjon, gjerne i fleire versjonar. Etter kvart har fleire av desse balladane vorte publiserte i ulike formar. Ta for eksempel Draumkvedet som finst i over hundre variantar. I dag er det to versjonar som vert brukt, den eine er Moltke Moes rekonstruksjon frå 1890 og den andre er M. B. Landstads oppskrift frå Telemark frå 1840-åra. Dette er og vert sett på som viktig kulturarv, men det er vel ingen tvil om at særleg Moes versjon er ein re-mix av ulike versjonar basert på dåtidas syn på korleis eit nasjonalepos skulle sjå ut.
Ein anna mellomalderballade som lever i beste velgåande er Kråkevisa eller Bonden og Kråka. Det finnest danske, svenske og færøyiske variantar av same visa. Ved arkivet har me registrert nesten hundre versjonar og 75 melodiar (desse melodiane vert forresten etter kvart publisert i boka ”Norske middelalderballader, melodiene” av Norsk visearkiv) Det at visa alltid har vært populær i folkeleg tradisjon gjer at den også finnest i mange versjonar. Sjølv om me veit at visa finnest i eit Dansk skillingstrykk frå 1600-talet er det umogeleg å finne orginalversjonen, og dersom språket i visa ikkje hadde utvikla seg til å vere ”up to date” hadde den heller ikkje vore levande slik den er i dag. Det er stor forskjell på dei eldste versjonane som visearkivet har nedteikna og versjonen ”Bonden og kråka” som Lillebjørn Nilsen stiller ut på CDen Norske Ballader - 30 Ballader Om Drap Og Elskov, Skjemt Og Lengsel Blant Riddere, Jomfruer, Kjemper Og Dyr (Norsk visearkiv/Grappa)
Det har heile tida vært stor etterspørsel etter mellomalderballader og og stoff om desse frå det etablerte folkemusikkmiljøet. Men sjølv om det er viktig for arkivet at etablerte utøvarar kan nytte oss til å finne eigenarta og artig reportoar ,er det minst like viktig at det publikumet som nyttar arkivmaterialet til kvardagssong, i denne meining song som ikkje skal framførast eller høyrast av andre, har god tilgang på kulturarven.
I den forbindelse er Norsk visearkiv med støtte frå Norsk Kulturråd no i ferd med å publisere rundt 70 ukjende mellomalderballader. Desse vert publisert digitalt på bokselskap.no. Hege Børrud stilte tidleg i bloggstafetten spørsmål om korleis me skal forholde oss til at kulturhistoriske museer bruker historiske medietekster (fotografier, dokumenter, film, lyd o.l.) Sjølv om Norsk visearkiv ikkje lagar ny kunst av visene gjer me dei no tilgjengeleg for at andre skal kunne gjere det, og ved å publisere materialet digitalt, vert det mykje lettare tilgjengeleg for utøvarar å kunne nytte materialet enten som det er eller ved å utvikle det vidare.
Det fører meg også tilbake til Benjamin Asmussens innlegg ”Udstillinger mellem æstisering og mennesker” der han tek opp kor viktig det er at utstillingen kan tilretteleggjast slik at gjenstandane vert plassert i sitt riktige miljø. Ved å digitalisere balladane gjer me dei lett tilgjengeleg for store brukargrupper. Sjølv om balladane vert vitenskapleg kommentert etter internasjonal standard og presentert mellom klassikarar på bokselskap.no vil dei som søker etter desse balladane komme til dei ved f.eks enkelt søk på google. Dei vil også like gjerne treffe på andre versjonar eller nyare re-mixar av kunstnarar og kvardagskunstnarar som har videreutvikla balladane i vår tid.
Norsk visearkiv vil at både kvardagssongarar og profesjonelle utøvarar skal ta tak i materialet og bruke det vidare samtidig som me vil formidle tidsånd og tradisjon. Oppgåva til arkivet vert då å legge til rette for at denne kulturarven får sjansen til å utvikle seg vidare ved å dokumentere og kommentere dei ulike versjonane. Men heller en at me er eit endeleg utstillingsvindauga for mellomalderballader, er me meir eit samlingspunkt for det som skjer med materialet i dag. Då er digitalisering og kommentering eit nyttig hjelpemiddel for at kulturen eller kunsten om du vil skal fortsetje å leve vidare.
Og med det gjev eg stafettpinnen tilbake til musea ved Marit K. Amundsen.
Dette innlegget er en del av en bloggstafett i anledning Kulturrådets årskonferanse Fortiden for tiden –møter mellom museer, arkiv og kunst. Oversikt over alle deltakere og publiserte innlegg finner du i innlegget Stafett - lagoppsettet på http://museumsandmedia.blogspot.com.
Forrige innlegg, "Industridesign - på grensen mellom arkiv, kunst- og kulturhistorie" er skrevet av Hanne S.Ø. Butvillo ved Berger museum, neste, og siste, innlegg i stafetten vil bli skrevet av Marit K. Amundsen, museumskonsulent ved Vestfoldmuseene.
mandag 14. november 2011
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar