torsdag 3. november 2011

100-årsjubileum for Hartvig Kiran


I dag er det 100 år sidan Hartvig Kiran kom til verda i Ålesund. Han døydde 15. aug. 1978.

Hartvig Kiran er særleg kjend som radiomedarbeidar og språkmann. Han var ein ihuga nynorskforkjempar, og i ein periode var han leiar for Noregs Mållag. "Hartvig Kirans engasjement gjaldt i alle forhold språket. Hans virke som radioreporter, kåsør, lyriker og målpolitiker gjorde ham til en av nynorskens fremste og mest allsidige stilister i den perioden da språkstriden i Norge kulminerte." skriv Hans Fredrik Dahl i Store norske leksikon.

For visearkivarane er det viseforfattaren Kiran vi vil minnast. Han var medlem av Visens Venner, og vart innvald 9. oktober 1961 saman med Ada Haug, Alf Cranner og Robert Levin. I referatet står det: "Efter litt diskusjon om man kunne regne med, at de foreslåtte ville komme til å fortsette å dyrke visen, ble de alle enstemmig innvalgt."
Han var ikkje sjølv til stades da, men den 10. nov. 1961 var han på eit medlemsmøte. Da står det i protokollen: "Hartvig leste sin oversettelse av Burns: Mons i Myra." Her har nok ikkje referenten fått med seg namnet på diktet heilt korrekt. Diktet til Burns "Tam o’ Shanter" heiter ”Mons i Urda” i omsetjinga til Kiran.

Hartvig Kiran omsette òg ei mengde amerikanske folkesongar, m.a. "Tom Duley" og "Det kissebær eg gjev deg" i samlinga Tom Duley og andre viser (1962). Og omsetjinga hans av "Tømmerhoggaren" er ei av dei visene vi får flest spørsmål om på visearkivet.

Blant visesongarar var Kirans viser mykje i bruk på 1970- og 1980-talet. Birgitte Grimstad var ei av dei som brukte songane hans, m.a. den vakre "Ofelias vise". Av andre kjende viser kan nemnast "Aldri meir" som inngår i visesyklusen Viser til Mariann. Lars Klevstrand og Hege Tunaal song desse visene om Ola Skutvik og kjærasten Mariann på LP-en Historia om Ola Skutvik og Mariann (1982). Denne plata fekk Spellemannprisen.

I samlinga Med eiga lyre, som Haldis Moren Vesaas gav ut i 1979, finn vi omsetjingar av tekster for teater, dikt og fleire viser. Mellom anna "The Jotunheimen jitterbug", "Ei sild og ei til", "Petrapolsen", og det diktet han skreiv til Jakob Sande frå Visens Venner etter at Sande var død.

Elin

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar