onsdag 19. oktober 2011

Ruth Anne Moen er død


Den 14. oktober døde Ruth Anne Moen berre 61 år.

Ho vart født i 1950 på Strømmen i Akershus, og hadde ei god utdanning og ein omfattande praksis før ho vart konservator ved Folkemusikkarkivet i Rogaland. Ho hadde hovudfag i musikkpedagogikk og hadde undervist både i grunnskule, musikkskule og kortare undervisningsprosjekt ved universitet og høgskular.

I tillegg til arbeidet på arkivet var ho engasjert i mellom anna Rådet for folkemusikk og folkedans, Norsk folkemusikklag, Norsk kvedarforum og hadde ein finger i mye av det som skjedde på folkemusikkområdet.

Ho var ein engasjert formidlar og gav ut ei rekkje bøker og hefter: Folkemusikk i Rogaland (Rikskonsertane), Songar frå Jelsa, 1992, to bøker med CDar Den yndigste rose i 1999 og Eg rodde på spreng i 2006. Bergteken 1 og 2 var ei song- og lærebok utgitt av Ryfylkmuseet 2008. Dessutan var ho fagleg ansvarleg for Folk i Ryfylke 2002, og ei rekkje artiklar i fleire publikasjonar.

På årets Landskappleik blei Ruth Anne Moen tildelt heidersmedlemskap i FolkOrg, den landsdekkande organisasjonen for folkemusikk og folkedans.

Arbeidet med å bygge opp eit folkemusikkarkiv i Rogaland tok ho fatt på i 1983, om lag samstundes med at Norsk visearkiv vart etablert. Ruth Anne var svært interessert i vokal folkemusikk og difor hadde vi både nytte og glede av å utveksle erfaringar. I mange år rekna eg henne som ein av mine næraste kollegaer, også fordi eg sjølv hadde samla viser i Rogaland. Vi er mange som kjem til å sakne henne.

Velle

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar