fredag 3. desember 2010

Svein Svane

3. desember har alle som heiter Svein, namnedag. Da kan det passe å syngje den gamle folkevisa om Svein Svane. Den blir også kalla "Gåtevisa" og er ei av dei mellomalderballadane som har vore populære over heile landet heilt opp til vår tid:

Svein Svane han ganger seg et stykke ut på veg,
der møtte det hanem en vandringsmann.
”Å hør nå min vandring hva jeg spørger deg
og om du på de spørsmåla kan svara meg”.

”Å hvo er nå rundar hell det rundaste hjul?
Og hvo sjunger fagrast utav alle kreatur?
Og hvo er nå hvitare enn svanen?
Og hvo roper høyere enn tranen?

Det er denne sekvensen med gåter og svar som har halde seg best i tradisjonen opp i mot vår tid, men dette er eigentleg berre ein liten episode i ei mye lengre og brutalare vise. Den visa fortel at Svein spelar harpe, da mor hans kjem inn og seier at han heller burde slåss med kjemper enn å klimpre på ei harpe. Dermed dreg han ut og drep ei rekkje kjemper før han møter vandringsmannen som han gjettar gåter med. Langt om lenge kjem han heim att. Der drep han femten trollkjerringar og mor si med det same. Så sett han seg ned og spelar harpe igjen.

Denne lange visa har også vore sunge i Norge, og det er tydeleg at songarane har lært visa etter Kjempeviseboka som kom ut i 1695.

”Svein Svane” var også ei av favorittvisene til Bokken Lasson. Dei to strofene ovanfor er henta frå hennar jubileumsalbum.
Velle

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar