mandag 13. desember 2010

Sankta Lucia

I dag feirar den katolske kyrkja sankta Lucia, ein italiensk jomfruhelgen. Opphavleg vart dagen feira også i norske kyrkjer. Dette vart det slutt på etter reformasjonen, men dagen vart ståande på primstaven fordi den var solkverv etter den julianske kalenderen. Lussinatta var årets lengste natt, og folk tenkte seg at all slags trollpakk og vetter herja denne natta. Lussi sjølv vart oppfatta som eit skummelt kontrollvette, som såg etter at folk ikkje slurva med julestrida.

I songbøker står det ofte at dette er ei italiensk folkevise eller ein neapolinsk fiskarsong, men songen er slett ikkje så gammal, og det er velkjent kven som laga han. Opphavsmannen var Teodoro Cottran, ein 23 år gammal medarbeidar i eit stort musikkforlag i Napoli. Cottran skreiv både melodien og teksten: ”Sul mare lucia…” Songen retter seg ikkje til den heilage Lucia, derimot var Sancta Lucia ein bydel nær hamna i Napoli.

Songen vart publisert i 1850 og vart straks populær. Den svenske komponisten og diktaren Gunnar Wennerberg var på reise i Italia på den tida, og tok songen med seg heim. Songen slo an også i Sverige og fleire prøvde seg med å setje teksten om til svensk.

Skikken at ei Luciabrud med lys i håret kom med kaffi og bollar tidleg på morgonen hadde eigentleg starta i den sørvestlege delen av Sverige, men rundt 1920 begynte denne skikken å spreie seg til resten av landet, og nå vart Luciasongen knytta til skikken. Framleis varierte tekstene, men i 1928 bestilte eit større bokforlag ein ny tekst til Cottrans melodi. Det var ein lærar Arvid Rosén som fekk oppgåva og han laga ”Natten går tunga fjät”, og denne teksten slo gjennom.

Rundt 1950 vart den svenske Luciafeiringa innført også i Noreg, og med den Luciasongen. Det er Ingvar Moe som står bak den nynorske versjonen av Roséns tekst: ”Svart senkar natta seg i stall og stove…”, men eg har ikkje klart å finne ut kven som laga bokmålsteksten. I ei av sine mange songbøker fører Leif A. Dramstad opp Melvin Simonsen som tekstforfattar, men der trur eg Dramstad tek feil. Simonsen har rett nok ei tekst til Cottrans melodi i Allsanboka for skole og fritid (1943), men det er ein travesti over Cottrans originale tekst.

Velle

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar