mandag 22. november 2010

Ei sjeldsynt bok

Visearkivet fekk nettopp eit lite, enkelt hefte som var kassert frå Deichmanske bibliotek. Boka er ikkje registrert i Norsk bokfortegnelse, men det er faktisk den første songboka som vart publisert på nynorsk: Norska Visor aat Folkehøgskular frå 1869. Heftet har ikkje opplysningar om kven som hadde redigert samlinga, men professor Moltke Moe hadde sett namntrekket sitt på tittelsida og dessutan notert at boka var redigert av Ingvar Bøhn.

Bøhn (1838 – 1924) var teolog og folkehøgskolemann. Heftet inneheld 50 songar av Aasen, Vinje og Janson, dessutan sju som Bøhn sjølv hadde skrive eller omsett og ei gruppe med folkeviser.
Heftet har også med ein del melodiar notert med salmodikonnotasjon. sannsynlegvis er dette første gongen fleire av folkemelodiane har kome i visebok.

Det er underleg at denne boka, som har vore i Moltke Moes eige, har hamna i Deichmanske bibliotek. Moltke Moe testamenterte nemleg bøkene sine til Universitetsbiblioteket, både den halvparten han sjølv hadde kjøpt og den halvparten han hadde lånt frå Universitetsbiblioteket.
Velle

2 kommentarer:

  1. Eg ynskjer meg at dette klenodiet av ei boka vert skanna.
    Jarnfrid

    SvarSlett
  2. Vårt eksemplar er stivt i ryggen og når papiret er heilt gult og sprøtt, er eg redd for at heile boka skal falle i enkeltark om eg klemmer den ned mot glassplata.
    Nasjonalbiblioteket har bedre utstyr enn vi har, men dei er neppe interessert i våre ting.
    Velle

    SvarSlett