tirsdag 23. november 2010

Vår første CD!

Eg fant ut at eg skulle sjekke kva som var den første CDen me fekk inn på visearkivet. På arkivet har me samlingar både med CDar, LPar, bøker, småtrykk, spoleband og kassettar med meir. Alle registrert med kvar sitt nr. i rekka, alt etter kva samling det inngår i. Og den CDen som først vart registrert på visearkivet er med ein kjenning i det norske visemiljøet, nemleg Lars Klevstrand. I 1991 gav han ut CDen Så länge hjartat kan slå, ei samling med 13 Taubeviser sunge på originalspråket. Eller som det står på framsida: Taubes time med Lars Klevstrand og Arctimus. Men sjølv om dette var visearkivets CD var det i følgje Norsk pop- og rockleksikon den 17nde utgivelsen til Klevstrand, i tillegg til at han har bidrege både på samleplater og som musikar og produsent på mange andre. Me har fått inn fleire av dei andre i arkivet i etterkant. CDen er fortsatt å få tak i hjå Platekompaniet, dog med eit anna cover enn det visearkivet har.

Visearkivet har no samla over 2500 CDar sidan den første vart registrert tidleg på nittitalet. Me har enno ikkje registrert ferdig dei siste, men i bunken som ligg til registrering skimtar eg både Vamp, Kari Bremnes og nykommaren Frida Ånnevik. Av dei meir ukjente finn me også både Karl Heldal og Maria Mohn som begge har komme med CDar på norsk i haust.

No lurer eg på kva som var din første CD? Det treng ikkje å vere norsk eller viser, men dersom du har ein liten historie knytta til den vil me gjerne vite om det her på bloggen.
Liv

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar