torsdag 21. oktober 2010

Visearkivet er lagt under Norsk kulturråd att

Som me har skrive om tidlegare her på bloggen så hadde me på arkivet håp om å få midlar via statsbudsjettet til å gi ut ei vitskapleg utgåve av Norske mellomalderballader på nett. Då statsbudsjettet vart lagt fram den 5. oktober var me derfor svært spente på om me var tilgodesett med dette. Dessverre er ikke kulturdepartementet enige med visearkivet om at det er behov for ei slik utgåve, og det vart ikkje avsett midlar til dette. I tillegg var det endringar i postplasseringa for tildelinga av midlane til arkivet. Me har i fleire år vore fast post på statsbudsjettet, men frå og med i år er vår skjebne atter lagt i hendene til Norsk kulturråd. No er ikkje det så ille avdi me opplever at kulturrådet har stor forståing av arbeidet me gjer, og me har også i mange år før me vart fast post på statsbudsjettet fått driftstilskuddet vi kulturrådet. I tillegg er me sikra drift på 2010-nivå ut 2012.
Men det betyr også at me ikkje har gitt heilt opp tanken på å gjennomføre balladeprosjektet, me set vår lit til at Norsk Kulturråd ser viktigheita av å sikre balladane for ettertida. Følg med oss på bloggen for å vite korleis det går både med arkivet og balladeprosjektet frametter.

Liv

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar