onsdag 20. oktober 2010

Norges mest populære visebøker 2

Ved sidan av Petter Dass’ Bibelsk Visebok har Kjempeviseboka vore blant dei mest populære visebøkene både i Danmark, på Færøyane og i Norge. Båe desse bøkene heldt stand i over 200 år, og det må nødvendigvis gå lang tid før ei anna bok slår den rekorden.

Kjernen i Kjempeviseboka er ei eldre bok som historikaren Anders Sørensen Vedel gav ut i 1591. Tittel på boka var ikkje snau. Her er den fulle tittelen:

It hundrede udvaalde Danske Viser Om allehaande Merckelige Krigs Bedrifft oc anden seldsom Eventyrsom sig her udi Riget ved Gamle Kemper Naffnkundige Konger oc elles forneme Personer begiffuet haffuer aff arilds tid indtil denne næruærendis Dag.

Ikkje rart at boka vart omtala som Hundreviseboka. Visene var gamle folkeviser av den typen vi kallar mellomalderballadar. På 1600-talet var bøker dyrt og lesekunsten var ikkje mykje utbreidd. Hundreviseboka var ei eksklusiv bok i hundre år.

Men så i 1695 gav presten og språkforskaren Peder Syv boka ut på nytt, og han la til hundre andre gamle viser og dermed vart det Tohundreviseboka eller berre Kjempeviseboka. Utover 1700-talet auka det på folk som kunne lese og Kjempeviseboka vart etterspurt, også i Norge. Det kom stadig nye opplag utover på 1700- og 1800-talet. Populariteten viser seg også ved at vi stadig finn lange avskrifter frå Kjempeviseboka i norske handskrivne visebøker.
Velle

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar