torsdag 7. oktober 2010

Cowboysang

Min kanadiske svoger var cowboy i sin ungdom, og han kunne fortelje om bakgrunnen til cowboysongen. Arbeidet besto i å passe ein kuflokk på mange hundre dyr, og flytte flokken ettersom beitet var oppete. Om kvelden vart flokken samla og nå gjaldt det at ikkje noko villdyr eller anna kom til å uroa kyrne. I så fall kunne heile flokken springe til alle kantar, og da vart det ikkje enkelt å få samla dei igjen, og derfor var det ein eller to cowboyar som rei rundt flokken heile natta. Dersom ryttaren kom for brått på dyra, kunne dei også bli uroa, og derfor song dei for å varsla kyrne om at dei kom. Dei song gjerne lange cowboysongar, men sidan denne songen hadde ein praktisk funksjon, kunne dei syngje alt som falt dei inn. Svogeren min demonstrerte cowboysang ved å syngje teksten på hermetikkboks.
Velle

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar