onsdag 4. september 2013

Cranner på Svendsens kontor



Nå som september er her, den første haustmånaden, kan det vera grunn til å trekkje fram Alf Cranners på alle vis strålande vise om overgangen mellom sommar og haust i kyst- og ferie-Norge: «Skjærgårdsvise 1977», som står i Alf Cranners visebok (1978). Det er her Cranner gjer opp status etter at sommaren er over. Sommaren har kanskje vore til ulempe for nokre, men for handelsmann Svendsen har det vore ei lønsam tid. Vi gjengir tre av strofene nedanfor:

Sommeren er over og skjærgårdens ansikt blir rolig og klart.
Holmer og hytter forsvinner i mørket så altfor snart.
Vinduer stengt bakom trelemmer, gjemmer seg selv,
her er det langt mellom lysende hus, i en sensommerkveld.

Skjærgårdsidyllen var lønnsom forretning, i år som i fjor.
Handelsmann Svendsen tar sensommerkvelden på Svendsens kontor,
teller kontanter til høsten blir kjølig og grå.
Svendsens butikk vet at ferierusen får dagen derpå.

Det er motsetninga mellom sommar og haust viseteksten konsentrerer seg om, og vanlegvis er det sommaren som går av med sigeren i slike konstellasjonar. For sommaren er sommaren, og hausten første etappe på veg til vinteren. Det følgjer eit visst vemod med mørker og tome hytter og hus. Men fullt så enkelt er det ikkje i Cranners underfundige vise, for det står ikkje til å nekte: hausten kjem med fred og fridom til alle dei som ikkje våga seg på fjorden da feriefolket ståka som verst. Pulsen slår rolegare og dei seintgåande sjektene vågar seg utpå igjen:

Fjorden som larmet av feriebåter har langsomme slag.
Pulsen er jevn og behagelig rolig hver eneste dag.
Sjektene våger seg utpå så sakte de vil,
faren er over for alle de minste i mil etter mil.

Alf Cranner må kallast ein av nestorane i norsk visekunst. Han var med og drog i gang den første visebølgja på 1960- og 1970-talet, har halde eit utal konsertar opp gjennom åra og spela inn ei mengd viser av ulike slag.

Olav

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar