I dag ville språkforskaren og diktaren Ivar Aasen fylt 200 år dersom
han hadde levd. Aasen er kjent for viser som «Nordmannen» («Millom bakkar og berg») og «Dei vil alltid klaga og
kyta» (Også kjent som «Nordmannssong») Ivar Aasen sjølv var nøye med
å samle og arkivere både det han skreiv, publiserte og forskningsfunna han
gjorde, til glede for arkivarar og forskarar i dag.
Norsk visearkiv arbeider med viser som har røter heilt tilbake til
mellomalderen og har nytta mykje av arbeidet som Aasen og hans likemenn og
–kvinner la ned spesielt på 1800-talet for å dokumentere og bevare denne delen
av norsk kultur. I den forbindelse tenkte eg at eg, inspirert av Ivar
Aasen, skulle komme med litt tankar omkring arbeidet med å forvalte
denne arven her på arkivet.
Det finnes dei som klagar på at ting går sakte med publisering og
bearbeiding av ulikt visemateriale. Men eigentleg tenkjer eg at dei ikkje treng
å syte om dette fordi det å bevare, forske og formidle er eit arbeid som tek
tid. Og resultata kjem til slutt.
Dei vil alltid klaga og kyta,
at me ganga so seint og so smaatt;
men eg tenkjer, dei tarv ikkje syta:
me skal koma, um inkje so braadt.
at me ganga so seint og so smaatt;
men eg tenkjer, dei tarv ikkje syta:
me skal koma, um inkje so braadt.
Men så er det vanlegvis ikkje slik at vitskapleg arbeid med
kulturminner skapar dei største overskriftene (det er vel heller ingen som er
forundra over i vår tabloide verden), men det kjem litt etter kvart i små mon
til alles store glede.
Ja, det skyt ikkje fram, so det dunar
(som no ingen kann undrast uppaa);
men det munar daa jamt, ja det munar,
(som no ingen kann undrast uppaa);
men det munar daa jamt, ja det munar,
so det stundom er Hugnad aa sjaa.
For vi skal
jo late språket og musikken utvikle seg, men samtidig har me eit ynskje om at
dei gamle visene og ulike stilane frå tidlegare tider ikkje skal gløymast.
Lat det ganga fram, lat det siga!
Berre eitt eg ynskjer og bed:
at me inkje so høgt maatte stiga,
at me gløyma vaar Fedra-Sed.
Berre eitt eg ynskjer og bed:
at me inkje so høgt maatte stiga,
at me gløyma vaar Fedra-Sed.
Så lat oss
ikkje gløyme det forfedrene og -mødrene våre gav oss, sjølv om ein skapar ny
historie og nye viser kjem til. Den musikalske arven som me forvaltar blant
anna her på Norsk visearkiv er faktisk større enn mange ville tru!
Lat oss inkje Forfederne gløyma,
under alt, som me venda og snu;
for dei gav oss ein Arv til aa gøyma,
han er større, en mange vil tru
under alt, som me venda og snu;
for dei gav oss ein Arv til aa gøyma,
han er større, en mange vil tru
Takk til Ivar Aasen for hans eige tilfang til den norske visehistoria,
og ikkje minst for det grundige arbeidet med å bevare både kulturminner og
språk for ettertida! Me på Norsk visearkiv skal gjere vårt beste med fortsatt å
halde arven levande gjennom vitskapleg arbeid, publisering og service til våre
brukarar!
Lat det merkast i meir en i Ordi,
at me halda den Arven i Stand,
at naar Federne sjaa att paa Jordi,
at me halda den Arven i Stand,
at naar Federne sjaa att paa Jordi,
dei kann kjenna sitt Folk og sitt Land.
Gratulerer
med
dagen!
Liv
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar