mandag 29. april 2013

Sykkelviser

Nordahl Grieg
 Det finst dei som aldri set sykkelen vekk, men tråkkar i veg året rundt. Men for dei fleste står våren og sommaren som sjølve sykkel-årstidene. Da kjem tohjulingen fram frå kott og kjellar, blir pussa og stelt og trillar ut på asfalt og grus. Sykkelen er eit effektivt og miljøvenleg framkomstmiddel, men kan også brukast til andre formål. Det går fram av dei to sentrale sykkelvisene i norsk litteratur, Nordahl Griegs «Cykkelstyret» og Alf Prøysens «Ungkarssalme» Her skal det dreie seg om den førstnemnde.

Griegs vise/dikt står i diktsamlinga Norge i våre hjerter (1929), og dette er så lenge sidan at sykkel kunne skrivast med c, noko som kastar eit mystisk og framandaktig lys over tohjulingen. Handlinga i diktet foregår på forsommaren:

Det glitrer blankt i et cykkelstyre.
Nu er det juni og heggeduft.
Og unge jenter har tynde tøier
imellem sig og den lyse luft.

De går på veien med hver sin cykkel.
I taushet vandrer de, to og to.
Men bak dem driver de unge gutter
i søndagsblådress og brune sko.

Det er noko merkeleg ved denne skildringa. For det første: jentene syklar ikkje, dei går, og trillar sykkelen. Har dei ikkje lært å sykle? Er dei for fint kledde, jf. formuleringa «tynde tøier»? Og gutane som følgjer etter, kvifor syklar ikkje dei? Har dei ikkje råd til å skaffe seg denslags? Dreiar det seg om jenter frå byborgarskapet og gutar frå arbeidarklassen? Etter kvart kjem forklaringa. Sykkelen er ikkje framkomstmiddel men kontaktmiddel. Gutane i blådress får låne syklane: «Blå dresser suser langs hvite hegger. / Så får hun cykkelen sin igjen». Men guten slepper ikkje taket i sykkelstyret, og har oppnådd det han ville:

Og hendes hånd er på andre siden,
den gjør et kjærtegn, en liten sving:
vi går og holder i noget sammen!
Og begge later som ingenting.

De går på veiene ganske tause,
med hjertet fyldt av hvad begge vet,
mens neven knuger det blanke nikkel.
O cykkelstyre. O kjærlighet.

Olav                                                                                                              

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar