Pave Leo X (1475-1521, innsatt som pave i 1513) |
I skrivande stund sit som kjent kardinalane i den katolske kyrkja samla i konklave i Vatikanet for å velje ny pave. For å bli vald trengst 2/3 fleirtal av stemmene. Når nokon har fått tilstrekkeleg oppslutning, blir stemmesetlane brende saman med tørr halm, som gir kvit røyk. Da gler alle katolikkar seg og kan seie: Habemus papam! Vi har ein pave!
I gamle dagar, dvs. før reformasjonen, hadde paven atskillig å seie her i Noreg også. Posisjonen hans får vi eit glimt av i skjemteballaden «Kjerringa til skrifte», også kjend under tittelen «Kjerringa sette seg på purka og rei». Dei eldste nordiske viseformene går tilbake til 1500-talet, så dette er ei gammal vise. Handlinga er i store trekk den følgjande: Ei kjerring har slege i hel mannen sin – eller ein «hovmann», dvs. ein adelsmann – og innser at ho må skrifte denne alvorlege synda. Ho dreg først til klokkaren, men blir kontant avvist:
«Nei, så men, eg skrifter ‘kje deg,
men reis til presten, han rår over meg!»
Kjerringa gjer som ho får beskjed om, men presten vågar heller ikkje å ta på seg ansvaret med å skrifte henne, og til slutt hamnar ho hos paven. Da går det betre:
«Kjære pave, du skrifter nå meg,
for eg heve stungi ein hovmann i hel!»
«Ja, hev du nå stungi ein hovmann i hel,
så skrifter eg deg til liv og sje!»
svarar paven. I enkelte visevariantar må rett nok paven melde pass han også, og sender kjerringa heilt til topps, til sjølvaste djevelen:
«Å nei, eg kan ikkje hjelpe deg,
for eg heve fanden yver meg!»
«Kjerringa til skrifte» er både kyrkje- og prestekritisk, slik ikkje så viser og eventyr frå seinmellomalderen var, med meir eller mindre rett. Men bodskapen kan overførast til andre område: alle byråkratar og politikarar burde ha ei avskrift av «Kjerringa til skrifte» liggjande på skrivebordet!
Olav
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar