mandag 9. juli 2012

Crambambuli i juli!

I anledning dagen i dag er det vel ikkje meir enn rett og rimeleg at Napoleon får ein liten blogg. 9. juli er nemleg dagen då Napoleon 1 vart deponert til St. Helena om bord på ein britisk kryssar etter at han overgav seg.

Uansett, dei fleste kjenner vel til den kjende barnevisa ”Napoleon med sin hær” der ”alle hadde flasker med melkeskvetter på” og ellers var kjekke og greie soldatar i taktfast marsj over Alpene. Men i følge Smørekoppens visebok frå 1942 (Utgitt av Akademisk forening Smørekoppen N.T.H), hadde Napoleon også anna drikke med. Første verset av drikkevisa Crambamboli går nemleg slik:

Illustrasjon frå Smørekoppen  

Napoleon var en tapper kriger
som du og jeg og alle vet;
men vet du også hva man siger,
var grunnen til hans tapperhet?
Han med sitt hele kompani
drakk sig et glass crambamboli
crambim-bam-bamboli
crambamboli.



Crambambuli er oppgitt å vere eit slavisk ord som betyr likør. Dei to andre versa i visa handlar ikkje om Napoleon, men om å gjere lykke hos damene og bli kvitt frykt og eksamensnerver.  Sjølvsagt ved hjelp av Crambamboli. Men Napoleon var vel ikkje kjend for å vere spesielt plaga av frykt eller mangel på dametekke, så det kan vel vere at Crambambolien hjalp han med dette også?

Liv

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar