tirsdag 19. juni 2012

Jakob Åsmundsson Dalen (1816-1855) – og far hans

Åsmund Såmundsson
Norgård/Dalen
Dei som samla viser på 1800-talet engasjerte av og til medhjelparar så dei skulle få meir ned på papiret. Landstad gjorde såleis avtalar med fleire amatørsamlarar, deriblant Vinje-klokkaren Nils Sveinungsson, som han kjende frå den tida han hadde hatt han som huslærar. Da Jørgen Moe var på innsamlingsferd i Telemark i 1847, engasjerte han ein mann på Dalen som skulle gjere oppskrifter for han. Moe hadde fått husvære hos lensmannen, Peter Mandt, og i løpet av dei dagane han budde i lensmannsgarden må han han møtt vedkomande: Jakob Åsmundsson Dalen (1816-1855). Nokon ivrig innsamlar var det ikkje Moe skaffa seg, for Jakob Åsmundsson skreiv etter det eg kan sjå bare opp ein einaste ballade: «Nykken som bêlar» (TSB A 48), og sende visa til Moe same året, utan å seie noko om kven songaren var.

Jakob Åsmundsson var gardbrukar og åtte Dalen austre. Han gifte seg i 1850 og fekk fire barn, men bare to av dei levde opp. Sjølv vart han ikkje nokon gammal mann, og døydde bare 38 år gammal. Når Moe gjorde avtale med Jakob Åsmundsson, var det vel truleg etter råd av lensmannen. Jakob høyrde til ei velkjend slekt på Dalen, for far hans heitte Åsmund Såmundsson Norgård/Dalen (1776-1864), og han var ikkje kven som helst. Åsmund Norgård som han gjerne vart kalla, hadde studert ingeniørfag både i København og i Trollhättan i Sverige. Han hadde tidleg planane klare for korleis Telemarks-kanalen kunne byggjast ut med sluser, og laga ein modell av det heile. I 1814 vart han vald til det første stortinget og deltok i sendeferda til Stockholm seinare same år, der han vekte oppsikt i si stilfulle nasjonaldrakt.

Brunkeberg kyrkje
Åsmund Norgård hadde fått hjelp av kondisjonerte til å kome seg ut og studere. Ein av hjelpesmennene hans var godseigaren og politikaren Jakob Aall, som likevel skriv med tanke på Åsmund, da telemarkingen etter Aalls meining var blitt vel stor i eigne auge: «Aldrig saasnart har man af en raae Bondeklods dannet et brugbart Subjekt, førend Indbilskhed og Hoffærdighed bemæstrer sig dem». Uansett gjorde Åsmund Norgård ære på Jacob Aall da han kalla andre sonen sin opp etter han! Ingen ting tyder på at Åsmund Norgård kunne balladar. Derimot hadde han sans for å setje seg sjølv i scene, noko som kom til uttrykk da folk fann sjølvbiografien hans i døypefonten i Brunkeberg kyrkje. Det var Åsmund sjølv som hadde snekra denne døypefonten (1846), i ei kyrkje som far hans hadde bygd. Eit anna døme på iscenesetjing er den dødsbuauksjonen han arrangerte, med ein god embetsmannsven som medhjelpar. Dei sette ut rykte om at Åsmund Norgård var død, og folk strøymde til for å sikre seg innbuet som nå var til sals. Men tredje auksjonsdagen stod den døde opp og skremde livet av folk! Medhjelparen, Ole Blom, skreiv ei heil vise om denne hendinga, der det bl.a. heiter:

Men frem kom Manden som man tænkte
var alt begraven, og gik frem,
saa stor og før som man ham kjendte
føren han gik i Graven hen.

Da flygted alt hvad flygte kunde
for denne skrækkelige Ting,
og ingen kunde da udgrunde
[hvor]for saadant Spøgels’ gik omkring!

Olav

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar