Som barn var eg fascinert av Dalbyvisa, eller Pigen som danset sig i hjel som det sto på skillingstrykket. Det var oldemor mi som eigentleg kunne visa, men det var ei av tantene mine som til slutt skaffa meg teksten. Visa er laga i 1901 av Julius Strandberg, Nordens største skillingsviseforleggar, men visa vart raskt ei folkevise og i ulike variantar vart den sungen i heile landet. Alf Prøysen fekk inn fleire tekster til visespalten sin i Magasinet for alle og Jack Berntsen hadde den på repertoaret og presenterte den som ei nordnorsk vise i Sanga i søkk og kav. Visa er også trykt i Elin Prøysens Sangene i våre hjerter.
Visa begynner ganske idyllisk:
Der tjente på Dalby så fager en pige,
så rød og så hvid og så yndig hun var,
vel hendes forældre var gårdsfolk så rige,
men sindet hos hende fra hjemmet dog bar;
Nu tjente hun ude og fandt sig så godt,
og friere havde i mængde hun fåt.
Men idyllen varer ikkje lenge. Ho knyter ein av friarane til seg, han er vakker men fattig, og etter ei stund slår ho opp. Han tar dette så tungt at han vart sjuk og døydde. Veninnene venta at ho skulle sørgje over han, men ho berre lo og gjekk til dans på sjølvaste gravferdsdagen.
Denne strofa er ganske krøkkete, og songarane har også forsøkt å få betre språk på ulike måtar.
Med alle hun dansed, da sagte indtræder
i salen en fremmed, af slet ingen kendt,
hans åsyn var smukt, og hans strålende klæder
forbavsede alle. Nu høflig han vendt
mod pigen udbad sig med hende en dans,
snart var de blandt dandsernes hvirvlende krans.
Og så viser det altså at det er djevelen som danser med henne:
De dansed og dansed – i salen blir stille,
det mørknes, man gyser, men dansen blir ved,
musikken forlængst har hørt op med at spille,
men dansen blir vildere dog ved hvert fjed,
to timer de dansed, da var det forbi,
til jorden sank pigen – der lå kun et lig.
Velle
onsdag 25. mai 2011
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Hej!
SvarSlettVisan spelades in av Trille på 70-talet (på danska). Däremot har jag aldrig sett eller hört någon svensk version.
Sven o, Sverige.