I følgje namnestatistikken skal det vere 7589 kvinner som har Kjersti som einaste fornamn i Noreg i dag. Fleire ber namnet Kristin: 17131 kvinner. Begge namn var på topp tidleg i 1960-åra. Når det gjeld Kristin-namnet, kan oppsvinget nettopp da hengje saman med at Undsets Kristin Lavransdatter vart utgitt i Den norske bokklubben på denne tida. Begge namneformer er avleidde av Kristina = den kristne. Kristina av Bolsena i Italia var ei av fleire såkalla jomfrumartyrar i mellomalderkyrkja. Ho vart pint til døde på 300-talet og dyrka som heilagmenne i heile Europa, også her i landet. Den meste kjende namneberareren her til lands i mellomalderen var nok Kristina Håkonsdotter, dotter til kong Håkon Håkonsson, som vart gift med ein spansk prins.
Liti Kjersti/Margjit Hjukse er prototypen
på den unge kvinna som det går gale med. Om Margjit heiter det at ho kjem på
villstrå, ho «tok den vegen til fjelli
låg». Er det tilfeldig at ho vel denne farlege vegen? Eller har ho gått den
tidlegare og veit kva ho gjer? Uansett dukkar bergekongen opp med «det lange,
kvite skjegg» og framfor alt med gløymsledrikken med villarkonn i. Ho drikk av
begeret han rekkjer henne, og dermed er det ingen veg attende til menneskeverda,
og ho må bli verande i berget all sin dag:
«Fare
no vel då alle i min heim,
no
kjem eg aldri til dikkon meir.»
Stolt
Margjit ho sette seg på gangaren grå,
ho
gret fleire tårer enn hesten ha’ hår.
På
1800-talet da dei norske balladane vart oppskrivne, fanst det nok dei som trudde
fullt og fast på bergekongen, huldra, troll og tussar. Men for dei fleste var
dei underjordiske figurane på dette tidspunktet på full marsj inn i
symbolikkens verd. Det er ikkje avgjerande. «Liti Kjersti» ligg vel til rette
for å kunne lesast og syngjast på overført nivå, som ei forteljing om å velje
feil, og dei tragiske følgjene av det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar