mandag 4. april 2011

Songar om vår

I 1972 gav Ingar Hovd ut Sangnøkkelen ei oppslagsbok til dei vanlegaste skolesongbøkene. Denne nøkkelen har også eit sakregister, og det fortel oss kva slags songar songboksredaktørane har prioritert.
”Songar om våren” utgjer ikkje overraskande ei av dei største gruppene med 35 songar, og mellom dei var det ”No livnar det i lundar” som fanst i flest songbøker. Sommaren og vinteren hadde berre sju songar kvar, og hausten berre skarve fem.
Andre store grupper er song om ungdom, og der ser det ut til at ”Løft dit Hoved du raske Gut” er den mest populære. Den største gruppa er likevel julesongane som er på heile 57 songar.

Velle

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar