Frå 1.1. 2014 blir drifta av Norsk visearkiv
ein del av Nasjonalbiblioteket, og foreininga Norsk visearkiv vert avvikla
rundt årsskiftet.
Velle Espeland med stiftelsesdokumenta frå 1982 |
Oppgåver som i dag blir gjort av Norsk visearkiv vil vidareførast som del av Nasjonalbibliotekets satsingar og prioriteringar. Dette gjeld alle prosjekt og publikasjonar som dei tilsette ved arkivet arbeider med nå. Både visekatalogen.no og balladeprosjekta vil vidareførast i tråd med dei intensjonane og planane som ligg føre.
Både Norsk visearkiv og Nasjonalbiblioteket ser på samlinga som ein styrking av det samla musikkfaglege miljøet. For Norsk visearkiv representerer det tilgang til ein større kompetansebase, mindre økonomisk sårbarheit og større moglegheit til langsiktig planlegging. For Nasjonalbiblioteket representerer det viktig sjangerkompetanse og ei utviding av oppgåvene med å ta vare på, og gi tilgang til ein samla kulturarv.
Publikum kan kontakte Norsk visearkiv på same måten som i dag. Det gjeld både den fysiske tilgangen i Nasjonalbiblioteket og den nettbaserte tilgangen gjennom arkivets nettstad (visearkivet.no).
Les også på Nasjonalbibliotekets nettsider:
http://www.nb.no/Hva-skjer/Aktuelt/Nyheter/Norsk-visearkiv-blir-ein-del-av-Nasjonalbiblioteket
Liv
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar