mandag 15. oktober 2012

Astrid, mi Astrid

Horats, portretert av Giacomo Di Chirico

«Astrid, mi Astrid», også kalla «Sveinung og Astrid», er ei vise mange kjenner. Den har stått – og står framleis – i mange visebøker, og har vore sungen både titt og ofte. Ein vakker melodi har den også, ein folketone oppskriven av Lindeman. «Astrid, mi Astrid» er ein såkalla vekselsong, der ein gut og ei jente syng til kvarandre skiftevis. Guten, som altså heiter Sveinung, byrjar:

Astrid, mi Astrid, som eine heldt tå meg,
den tid du var meg så inderleg god!
Den tid du gret kvar ein gong eg gjekk frå deg,
som var kvar laurdagskveld, minst du det no?

Då var eg bygdis den sælaste gut,
inkje eg bytte med prest eller fut.

Det kjem sjølvsagt forviklingar til, men ikkje verre enn at dei ser ut til å løyse seg i siste strofe, for da syng Astrid:

Venar’ enn soli som glar bakom fjellet
det er han Torgrim, kan eg seia deg.
Og du er argar’ enn villaste trollet,
falskar’ enn skumet på vatnet mot meg.
Men eg er lik’vel di trugnaste møy,
berre med deg vil eg leva og døy.

Det var vestfoldingen Hans Hanson (1777-1837), fødd i Larvik, som skreiv om Astrid. Han dreiv ei tid som tømmeroppkjøpar i Øvre Telemark og lærde seg målføret, som han sette pris på. Hanson skriv godt på telemål. Grammatikk-interesserte kan merke seg den originale og elegante genitiven i første strofe, femte linje: ‘bygdis den sælaste gut’. Visa vart trykt i årsskriftet Nor (1816), og same år gav han ut ei eiga visesamling. Hansons viser og dikt på bygdemål vart populære, og nokre kom derfor med i Jørgen Moes folkevisesamling (1840).

Original dikting er likevel «Astrid, mi Astrid» ikkje, men ei omsetjing av den romerske diktaren Horats’ ode til Lydia (III/9). Horats har vore ein omtykt diktar gjennom tidene og mange har omsett han, både før og etter Hanson. Her er Johannes Gjerdåkers versjon av «Til Lydia», første strofe:

Då du, Lydia, heldt meg kjær,
den tid du ikkje lét andre armen slå
rundt om den kvite halsen din,
Persarkongen var då ikkje så sæl som eg.

Olav

3 kommentarer:

  1. Akkurat slik teksten til Astri, mi Astri står her, det er eg oppvaksen med. Nå har eg prøvd å finne ut korleis resten av versa er - men då kjem det fram mange variantar frå ulike delar av landet - og også variantar i tid. Kunne eg få resten av versa på akkurat denne varianten?

    SvarSlett
  2. Resten av denne teksten finn du elektronisk på Aasentunet:
    http://www.aasentunet.no/iaa/no/litteratur/songar/folkeviser_og_stev/Astrid%2C+mi+Astrid.b7C_wBzO0_.ips

    Ellers står den i «Norsk sangbok», Oslo 1998

    SvarSlett
    Svar
    1. Den versjonen som står i Norsk sangbok 1998, er ikkje den versjonen du har her. Den versjonen som står i Norsk sangbok 1998, er ei modernisert utgåve. Og språket er gjort av ein person som ikkje er særleg god i nynorsk. For det første, så skulle det ha stått i første linje: Astrid, mi Astrid som eine heldt tå meg, det står: held. Det er snakk om nåtid og fortid, og her er det fortid. Likedan græt - gret, det står: Den tid du græt, det skulle stått: Den tid du gret.

      På nettet har eg funne at songen skal stå i denne boka:
      Ingår i
      Norge i sang

      Låt- eller sidnr
      046

      Förlag
      Norges Sangerlags forlag

      Förlagsort
      Oslo

      Tryckår
      1941

      Eg prøver å låne denne på biblioteket.

      Slett