Jakob Sande er ein av dei mest folkekjære lyrikarane vi har, og fleire av dikta hans er tonesette. Mange vil hugse "Kallen og Katten" som står i diktsamlinga Guten og grenda (1945) og som gjennom plateinnspelinga til Kurt Foss og Reidar Bø, og seinare Jon Eikemo si framføring vart ein stor suksess. Dei to hovudaktørane i Sandes tekst er altså kallen: Simo i Støa, og katten hans:
Han Simo i Støa og katten
var mette av alder og år,
og båe var redde for vatten,
og båe var mest utan hår.
Og alt medan åra tok ende
so tenkte vel kallen med seg,
at her var det tryggast, kanhende,
å fyrst sende katten i veg.
I den fyldige Sande-biografien sin har Ove Eide gjort greie for fleire tradisjonsførelegg for "Kallen og katten". Det har funnest liknande historier på folkemunne både på Nordfjordeid, på Bulandet og i Jølster. Og i eit julehefte som elevlaget ved Firda landsgymnas gav ut (1926), der Sande gjekk ein kort periode, står ein versjon av forteljinga på trykk. Desse historiene har nok Sande kjent til. Men vandresegna om kallen og katten har funnest i vidare krinsar, i noko varierande utformingar. I USA og internasjonalt blir segntypen gjerne kalla "The Animal's revenge". Hemnen rettar seg mot mennesket som tankelaus representant for samfunnet. Den som mishandlar dyr, vil få si straff til slutt.
Sivilisasjonskritikk finst det ikkje noko av i Sandes vise; derimot er dette situasjons- og språkkomikk på sitt aller beste. Sande greier det ein god diktar skal: å overtyde oss om at det fortalde er gudsens sanning! Når vi les eller høyrer "Kallen og Katten", blir vi også slegne av kor fantastisk godt Sande skriv, eit smidig og idiomatisk nynorsk, i pakt med godt norsk talemål:
Og døra og litt utav veggen
dreiv saman med dunder og brak,
og somt fauk i låra og leggen,
men verst vart han skamfaren bak.
Og doktor var henta, og presten
og kallen vart plåstra og smurd
so pass han stod oppatt på resten –
men katten vart aldri meir spurd.
Olav