Om ikkje så lenge balladediktinga har funnest, så i alle fall frå
slutten av 1700-talet, har folk laga etterlikningar av balladen i form av
såkalla «kunstballadar», dvs. viser i ballade- eller tilnærma balladeform, på
alvor eller på fleip. Her skal vi sjå på ein kunstballade av Hans E. Kinck
(1865–1926). Kinck var ingen kven som helst i balladesamanheng. Han skreiv ei omfattande
avhandling om tilhøvet mellom eldre norrøn heltedikting og mellomalderballaden,
og ikkje minst eit par framifrå noveller der balladen spelar ei viktig rolle.
Ei av desse heiter «Vaarnætter
i Norge» (1901). Her møter vi bondestudenten Onun Kjile, som blir avvist av ei
byfin professordotter fordi han er for bondsk. Vonbroten forlet han
hovudstaden, med stipend for å samle gamle heidenske tradisjonar i dei aller
mest bortgøymde fjellstrok, ein ikkje namngitt stad midt mellom Setesdal og
Vest-Telemark. Men det står ikkje så bra til med dei gamle tradisjonane, og
Onun bestemmer seg for å hjelpe litt til slik at dei ikkje skal døy heilt ut.
På den øvste og mest isolerte fjellgarden han kan finne, slår han seg ned som
arbeidskar ein sommar. Der diktar han ei kjempevise i gammal stil, som han
påstår at han har høyrt av ein gammal gubbe i fjellheimen, og som han så syng
for folket på garden. Visa handlar om den vonde Grundi som ein gong budde der,
og som skal liggje gravlagd i ein haug like ved:
Hans E. Kinck |
Grundi han sat i drykkje-stova,
slo so
kalleg i bor:
Kjem’ der
ein kjæft i denne gar’e,
sting’ eg
han, fyrr han fær ord.
Dei sit’ aa gamast mæ drykk’.
Steig der
ein vesal hjurings-gut’e
upp paa
padden, glup’,-
skreik so
stort imot drykkjebassen,
knepte
dei knokor i hop.
Dei sit’ aa gamast mæ drykk’.
Visa er på heile seksten strofer, og handlinga går som i kjempeviser flest: ei av slåstkjempene blir liggjande død att etter striden. Så skjer det vidare at professoren som er far til den jenta Onun ville hatt, kjem til gards, saman med ein vitskapleg assistent, på jakt etter gamle tradisjonar. For ikkje å bli avslørt må Onun halde seg unna, men frå loftet kan han høyre at visa hans nå blir tradert vidare som eit eldgammalt minne. Studenten sveittar og skriv. Visa er, konkluderer han, eit svært interessant funn «fra vor gamle viseskat», som kan daterast til «lidt senere end medio 16. aarhundrede». Studenten legg visa varleg i ranselen sin, for at den seinare kan lagrast forsvarleg «i det brandfri rum paa universitets-biblioteket». Og der ligg vel visa om «Grundi vonde og hans møy» ennå.
Olav